Hanne Hjertenes Mæland
Hanne er frå Bømlo, flytta til Stavanger i 1985, der ho framleis bur og har sitt daglege virke.
Ho er utdanna songar og songpedagog, og har hovudfag/master i musikkpedagogikk. Vidare har ho i vaksen alder studert grunnmedisin, og har utdanna seg til reflexolog og vakuumterapeut.
Hanne har lang fartstid som avdelingsleiar og prosjektleiar ved Stavanger Kulturskole. Ho starta og dreiv NOTA-prosjektet, eit samarbeidsprosjekt mellom Stavanger kommune, Universitetet i Stavanger og Bagamoyo College of Arts i Tanzania.
Ho er i dag dagleg leiar for TATINO, som tilbyr undervisning og behandling. I tillegg til å undervise i stemmebruk og song, underviser Hanne i Mindfulness. Dette vil dei reisande kunne nyte godt av, ettersom det vil vera tilbod om Mindfulness- meditasjonar underveis på reisa.
Dag Jostein Nordaker
Dag Jostein er ein ekte stavanger-gut. Han har budd i Stavanger heile sitt liv. Er utdanna fløytist og fløytelærer, og også han har hovudfag/master i musikkpedagogikk, mellomfag i dans og doktorgrad i pedagogikk.
Dag Jostein har jobba i grunnskulen i Stavanger, men største del av sitt vaksne liv har han jobba i Bjergsted, ved Universitetet i Stavanger, Fakultet for utøvende kunstfag (tidligere Institutt for musikk og dans). Her har han undervist, samt i lengre periodar vore leiar. I dag er han Senterleiar på Nasjonalt senter for læringsmiljø og adferdsforskning, ved Universitetet i Stavanger.
Dag Jostein er ihuga folkemusikar, utøvar både som musikar og dansar.
NOTA-prosjektet
Me har langt fartstid saman som kollegaer. Me har jobba saman både i Stavanger Kulturskole og ved Institutt for musikk og dans, UiS. Vidare har me jobba saman i NOTA-prosjektet . Hanne som dagleg leiar og Dag Jostein som styreleiar gjennom mange år.
Hanne starta å reise til Tanzania allereie i 1996, og beredte grunnen for eit NORAD og Utenriksdepartement støtta prosjekt, og Dag Jostein var med å starta prosjektet i 1998. Me har vore i Tanzania fleire gongar om året mellom 1998 og 2012, då prosjektet formelt vart avslutta. Me har etter dette reist årleg til Tanzania for å halde kontakten med gode vener og kolleger.