28. desember 2022 - 10. januar 2023
Dag 1 onsdag 28. desember
Det er avreise frå Sola kl. 13.10 og me lander på Zanzibar kl. 08.10 neste dag, med mellomlanding i Oslo og Doha i Qatar.
Dag 2 - 5 torsdag 29. desember – søndag 1. januar
Me kjører direkte frå flyplassen på Zanzibar, til hovudstaden Stonetown, ein tur på omlag 30 min. Der blir me innkvartert på Forodhani Park Hotel. Her skal me bu i 3 netter.
Me sjekker inn på hotellet, slapper litt av og et lunsj saman på Livingstone – ein koseleg kafe nede på stranda (inkludert).
Me fortset dagen med sightseeing til fots i Stonetown. Zanzibar er ein spanande blanding av afrikansk, indisk og arabisk kultur, og dette viser igjen både i arkitektur og kvardagsliv.
Me besøker mellom anna kjøtt- og fiskemarknaden, krydder-, grønsak- og fruktmarknaden. Museet som viser Zanzibars sentrale posisjon som auksjonsstad for deler av slavehandelen i aust-Afrika er og noko ein bør få med seg. Museet er bygd på sjølve auksjonsstaden.
På kvelden kan ein til dømes ete middag på ein god indisk restaurant, som ligg vegg i vegg til hotellet.
Neste dag besøker me ein krydderplantasje og får omvisning og smaksprøver på frukt og krydder – og våre smaksløkar og luktesans blir i stort monn utfordra. Zanzibar blir også kalla for krydder-øya. Her blir det dyrka og eksportert ulike sorter krydder til heile verda. For eksempel så blir 80% av verdas nellikproduksjon dyrka på Zanzibar. Etter besøket på krydderfarmen drar me til ei flott strand der me et lunsj, bader og soler oss, og et middag før me dra heim igjen til hotellet. (lunsj og middag inkludert)
Siste dag i Stonetown, på sjølvaste nyttårsafta, tek me ein båttur til Prison Island, der me besøker kjempeskilpaddene. Me tar med snacks, frukt og drikkevarer til ein enkel lunsj.
På kvelden vert det felles middag på Emerson on Hurumzi. Her sit me på puter på golvet, og får servert 5 retters middag. Me får servert tradisjonell mat frå Zanzibar, og me får ein smakebit av Zanzibar sin unike musikktradisjon – Tarab. (Det finnes også nokre bord med stoler, om det er nokon som ynskjer det.) (middag inkludert)
Dag 5 - 9 — søndag 1. januar - torsdag 5. januar
Me drar til fastlandet, til den lille byen «vår» Bagamoyo. Me tar hurtigbåt frå Zanzibar til Dar es Salaam, ein tur på 2 timar. I Dar es Salaam venter vår faste sjåfør Miraji på oss, og kjører oss med buss til Bagamoyo. Her skal me bu i 4 netter.
I Bagamoyo bur me på Travellers Lodge, i små hytter som ligg ved det Indiske hav – på ei 20 km lang sandstrand. Hyttene ligg i ein praktfull hage med palmer og vekster av ulike slag.
Dagane står stort sett til eigen disposisjon, men me anbefaler nokre av våre tilbud:
Desse tilboda er sjølvsagt frivillige, og dei som heller velger å slappe av, bade, eller nyte roen, er velkomne til det.
Dag 9-11 — torsdag 5.januar – lørdag 7. januar
Me reiser frå Bagamoyo tidleg om morgonen, og Miraji tar oss med buss til Mikumi nasjonalpark. Dette er ein kjøretur på ca 5-7 timer. Me kjører gjennom skiftande landskap, passerer små og store byar/landsbyar på vegen og får sett en bit av landet.
Me har to overnattingar på Mikumi Wildlife Camp Kikoboga som ligg midt ute på savannen. Her kan ein ikkje forvente enkeltrom, det er tomannsrom med dobbeltseng og tre-sengsrom.
Me drar på game-drive i opne jeepar både tidleg morgon og ettermiddag. Det er eit rikt dyreliv, og me kan garantere mange flotte opplevingar. (lunsj og middag inkludert)
Dag 11 - 13 – lørdag 7. januar – mandag 9. januar
Etter morgonens game-drive og etterfylgjande frukost, set me oss igjen i bussen, og kjører til Dar es Salaam. Denne turen tar 5-8 timer avhengig av trafikken. Når me kjem fram til hotell Mediterraneo, vert det avslapping, eventuelt eit bad i bassenget eller i det indiske hav.
På søndagen er det tilbud om sightseeing med buss i Dar.
Mediterraneo har ein flott spa-avdeling – kan på det sterkaste anbefalas!
Den siste kvelden byr me på eit flott felles måltid på hotellet sin eminente restaurant. (middag inkludert)
Dag 14 — tirsdag 10.januar
Flyet heim går kl 01.15 (natt til tirsdag) frå Dar es Salaam,
Me mellomlandar i Doha og Oslo, og er framme i Stavanger onsdag kl. 15.10 - fulle av opplevingar.
Inkludert:
Ikkje inkludert:
Me tar atterhald om endringar.
Pris: 34 500 pr person i dobbeltrom
Enkeltromstillegg: 2 500
Seinaste frist for påmelding: 20. september 2022
Påmelding til: post@nota-reiser.no
Gruppe: min 12 - max 15
For meir informasjon sjå facebook: Nota-reiser

- bysightseeing i Bagamoyo, inklusiv lunsj på lokal stad
- kurs i afrikansk dans
- kurs i tromming
- kurs i tradisjonell matlaging, for eksempel sambusa
- Seafood fondue/fishermans platter (inkludert)
Desse tilboda er sjølvsagt frivillige, og dei som heller velger å slappe av, bade, eller nyte roen, er velkomne til det.
Dag 9-11 — torsdag 5.januar – lørdag 7. januar
Me reiser frå Bagamoyo tidleg om morgonen, og Miraji tar oss med buss til Mikumi nasjonalpark. Dette er ein kjøretur på ca 5-7 timer. Me kjører gjennom skiftande landskap, passerer små og store byar/landsbyar på vegen og får sett en bit av landet.
Me har to overnattingar på Mikumi Wildlife Camp Kikoboga som ligg midt ute på savannen. Her kan ein ikkje forvente enkeltrom, det er tomannsrom med dobbeltseng og tre-sengsrom.
Me drar på game-drive i opne jeepar både tidleg morgon og ettermiddag. Det er eit rikt dyreliv, og me kan garantere mange flotte opplevingar. (lunsj og middag inkludert)
Dag 11 - 13 – lørdag 7. januar – mandag 9. januar
Etter morgonens game-drive og etterfylgjande frukost, set me oss igjen i bussen, og kjører til Dar es Salaam. Denne turen tar 5-8 timer avhengig av trafikken. Når me kjem fram til hotell Mediterraneo, vert det avslapping, eventuelt eit bad i bassenget eller i det indiske hav.
På søndagen er det tilbud om sightseeing med buss i Dar.
Mediterraneo har ein flott spa-avdeling – kan på det sterkaste anbefalas!
Den siste kvelden byr me på eit flott felles måltid på hotellet sin eminente restaurant. (middag inkludert)
Dag 14 — tirsdag 10.januar
Flyet heim går kl 01.15 (natt til tirsdag) frå Dar es Salaam,
Me mellomlandar i Doha og Oslo, og er framme i Stavanger onsdag kl. 15.10 - fulle av opplevingar.
Inkludert:
- To norsktalande guider, med lang erfaring frå Tanzania
- Flybillettar (med utreise frå Stavanger)
- Overnatting i henhald til program
- Måltider i henhold til program (12 frukostar, 5 lunsjar, 6 middagar)
- Kryddertur med omvising
- Bysightseeing i Stonetown
- Transport med buss/bil på Zanzibar og på fastlandet
- Aktiviteter i Bagamoyo som omtala i programmet
Ikkje inkludert:
- Drikke til alle måltid
- Tips
- Visum ($ 50, vert kjøpt på flyplassen ved ankomst)
- Vaksiner
- Malariatablettar