Det er ikkje tilfeldig korleis me har satt saman reisene våre. Me ynskjer å ta dykk med til stader me har eit forhold til og kjenner godt, til stader me kan garantere gir kvalitet.
Zanzibar - Stonetown
Første stopp på turen er Stonetown på Zanzibar. Ein by som ein både arkitektonisk og kulturelt opplever er ein blanding av indisk, arabisk og afrikansk kultur. Byen er bygd av korallstein, alltid travel, med mange smilande og kontaktsøkande menneske. Gatene er svingete, ofte bare smale smau, og å gå seg vill i Stonetown er ein opplevelse. Byen er full av butikkar med all moglege eksotiske lokale handverksprodukt, men også finare små butikkar og gullsmedar med kvalitetsvarer. Langs sjøen finn du mange restaurantar med sjømat av alle slag, i tillegg til etniske restaurantar. Og for ikkje å gløyme den fantastiske matmarknaden, Forodhani, der ein på kvelden kan gå frå bod til bod og peike på maten ein vil dei skal grille for deg. Her finn du alt du kan tenke deg av både sjømat og kjøt. Ei kulinarisk oppleving.
Stonetown er også historisk interessant. Det var marknadsplassen for salg av slavar frå heile aust-Afrika. I Noreg kjenner me godt slavehandelen som gjekk frå vest-Afrika over til Amerika, me har lært mindre om den minst like grusomme slavehandelen som gjekk frå aust-Afrika til araberlandene og India. Me vil vise dykk auksjonsstaden og museet som er bygd opp der.

Bagamoyo
Det er med stor glede me ynskjer dykk velkomne til Bagamoyo. Byen ligg ved det indiske hav, rett på ei to mil lang sandstrand. Bagamoyo er Hanne og Dag Jostein sin heimby i Tanzania. Her har me reist sidan 1996 – og her var heimstaden for NOTA-prosjektet.
Me bur framleis på det same hotellet – eigarane er dei same, sjåføren er den same, her er det mange vennskap som har vart i mange år!
Her er det moglegheit for å læra seg afrikansk tromming og dans. Her kan me reisa heim til nokre av våre venner og laga tanzaniansk mat. Me kan dra på sykkeltur, besøka barneheim og krokodillefarm viss nokon ynskjer det.
Sjølve namnet Bagamoyo, betyr «Legg ned ditt hjarta». Også Bagamoyo har ein sentral plass i den Øst-afrikanske slavehistorien.
- Hadde du ikkje klart å rømme før karavanen kom til Bagamoyo, var alt håp ute. -

mikumi
Me har valt å reise på safari til Mikumi. Det er mange gode grunner til det.
Me bur inne på savannen, og me et middag ute på savannen,- under den fantastiske stjernehimmelen. Det er berre 40 meter til vatn-holet der dyra kjem for å drikke. Heilt trygt!
Fordelen med å vera i ein mindre kjent nasjonalpark, er at me ikkje kjører i kø. Ein får total kjensla av å vera i eitt med naturen.

Dar es Salaam
Svært mange trur at Dar es Salaam er hovudstaden i Tanzania. Det er det ikkje. Dodoma er hovudstad – men Dar er den største byen, 5-6 millioner innbyggjarar, og ein særs viktig hamneby.
Sjølv om Dar er ein storby, manglar den mykje av det me tenkjer på når me tenkjer storby. Ingen ordinære handlegater, ingen restaurantstrøk, få høghus, etc. Me vil vise dei av dykk som ønsker, og har behov for det, eit par handlesenter, men ellers er ikkje Dar es Salaam nokon stor severdigheit i seg sjølve.
Men me har valt å ha eit døgn i Dar – litt for av-klimatisering, og litt for at det ikkje skal bli stress ved heimreisa. Det er store utfordringar med trafikk i denne storbyen – så det gjeld å ha god tid på forflyttingar. Hotellet ligg nær byen, men likevel ved havet. Her kan me roe oss ned, eta god mat, unne oss litt luksus og henta oss inn etter minneverdige dagar saman! Dei har fantastisk spa-avdeling! Herved anbefalt.